Å studere argumentasjon

Å studere argumentasjon

Formater:E-bokPocketE-bok
2024E-bokNorsk (nynorsk)Veil. pris 375,-ISBN 9788245056525Kopiert!

Sammendrag

Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon.

Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane.

Kjersti Maria Rongen Breivega er professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium. Se flere utgitte og planlagte bøker i .