Drakar og åklevev = Dragons and tapestries
Eli og Ivar Høyvik i Balestrand = Eli and Ivar Høyvik in Balestrand
2025InnbundetmulISBN 9788230373101Kopiert!
Sammendrag
Mot slutten av 1800-talet vart Balestrand i Sogn eit levande sentrum for kunst og nasjonsbygging. Til denne vesle bygda der Sognefjorden er på sitt breiaste, kom kunstnarar og reisande frå heile verda for å fanga lyset, naturen, mytene og det særnorske uttrykket. Midt i denne spennande tida finn vi treskjeraren Ivar Høyvik og kona Eli, som slo seg ned her i 1907 og bygde eit liv av kunsthandverket sitt. Han laga møblar i drakestil medan ho broderte, sydde bunadsdelar og vov fargerike åkle. Gjennom forteljinga om Ivar og Eli får vi eit levande møte med ei tid då den norske identiteten blei forma gjennom kunst, handverk og arkitektur.
