Lorden
roman
Sammendrag
"Lorden" er ein oppslukande og urovekkjande roman, mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Saman med "Tollak til Ingeborg" og "Du er så lys" dannar den ein trilogi av psykologiske mysterieromanar om utsette og desperate menn. Jon Magne Moi er pensjonert lærar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslått og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige. Kven i bygda står bak ugjerninga? Og kva er det denne mørke hendinga vekkjer i Jon Magne? Tore Renberg er ein meister i å ta oss med over terskelen og inn i det krakelerande menneskesinnet. I "Lorden" kombinerer han litterær dristigheit og språkleg fingerspisskjensle med stor omsorg for det menneskelege. Eit djuptpløyande og intenst mannsportrett, skrive med ei særeigen psykologisk innsikt.
Anmeldelser
«. «Lorden» er et både sart og spennende portrett av en sårbar mann.»
«Når Tore Renberg skriv om lyset, er mørke ting i vente.»
«Gåtefullt fra bygda. »
«Dette er en stor bok. Med små sko. Og jeg bøyer meg i støvet av forfatteren som gjør oss alle litt klokere. Og innimellom litt mer forsont med vår egen tid også.»
«Ein aldrande, mannleg forteljar, kanskje litt einsam. Eit mysterium, sannsynlegvis eit brotsverk, i sentrum av handlinga.»
«Skremmende morsomt. «Lorden» er en drevent skrevet studie i en ustabil psyke – med hylende morsomme fotnoter.»
