Migrasjonar

Migrasjonar

1976-2020

Formater:E-bokInnbundet
2020E-bokNorsk (nynorsk)Veil. pris 329,-ISBN 9788234000430Kopiert!

Sammendrag

Unikt livsverk endeleg på norsk.

«Migrasjonar» er eit av vår tids største poetiske prosjekt. Sidan 1970-åra har den meksikanske poeten Gloria Gervitz skrive på dette langdiktet, som har blitt utgitt i stadig nye versjonar. Kvar einskild av dei opnar for nye tolkingar. Verket har vakse fram frå livet til forfattaren og frå historia til familien hennar: flukta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Lesaren blir dratt med i eit enormt sveip gjennom ulike tider, tradisjonar, språk og røyster i eit ekspansivt dikt som krinsar rundt slekt og einsemd, religion, død og seksualitet.

Boka er gjendikta frå spansk av Helene Hovden Hareide, som også har skrive eit etterord.