Skårgangar
2026PocketNorsk (nynorsk)Veil. pris 229,-ISBN 9788234730986Kopiert!
Sammendrag
Skårgangar: Skårgangar handlar om einsemda til odelsguten Johannes og det djupe, tyngjande ansvaret han kjenner for gardsdrifta etter at faren døyr. Romanen er stillferdig og kontemplativ i uttrykket, men under skildringane av det storslegne landskapet og dei kvardagslege handlingane anar ein både larm og vreide, og det tilbakehaldne uttrykket manar fram eit ladd og skremmande univers. Skårgangar er ein vakker og urovekkjande roman.
Sivert Nesbø har ein sterk, naturleg autoritet i skildringane av gardsdrifta, jakta, landskapet, vêrforholda, arbeidet og rutinane og er eit stort litterært talent.
