Solplomme
av Anna Kleiva
Sammendrag
I Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live gjennom ein serie dikt med eit rituelt, messande preg. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope? Solplomme er ein heilt eigen flora. I 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket "Solplomme" til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket. Med utgivinga av "Solplomme" følgjer også ein CD.Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk.
Anmeldelser
morgenbladet.no
«Solplomme er en sanselig undersøkelse av mystikken i Jonsoknatta, hvor det tematiseres hvordan naturen endres av menneskene og vippepunktene i overgangene.»
klassekampen.no
«Anna Kleiva opnar døra mot ein tapt røyndom, der plantar og språk har magiske eigenskapar. Verket balansar fortid og notid gjennom litteratur og musikk.»
