Ung mann vil ut
roman
Sammendrag
Edvard Hoem med ny roman frå sin egen ungdomstid, om forfattarkallet, den politiske oppvakninga og gudstrua. "Ung mann vil ut" er ein memoarroman som går tett på eit ungt sinn og ein tidsepoke. På seinsommaren i 1963 flytter den fjorten år gamle Edvard til Molde. Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen - ein småby, riktignok, men så mykje større enn bygda han flytter frå. Han er ung, og han vil ut. Meir enn seksti år seinare skriv den aldrande Edvard han fram: den unge mannens bitre nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar. «Eg begynner ein søndagskveld i august 1963. Eg stod igjen på ein hybel i Langmyrvegen 16 i Molde etter at mor og far, som hadde følgt meg dit, hadde sagt farvel til meg og reist heim med den lokale drosjen. No skulle det verkelege livet begynne. Eg skulle bli eit menneske i den moderne verda, i mi tid, ikkje ein av mange i den lange rekka av bønder som eg stamma frå, i eit landskap der tida stod stille. Slik tenkte eg på det. Eg forstod ikkje at eg framleis var eit barn.»
Anmeldelser
«Gyver løs på eget liv. Vakker, vemodig, humoristisk og oppriktig dannelsesroman fra en svunnen tid.»
«. Edvard Hoem (75) har gått løs på en ny serie om eget liv etter suksessen med slektsserien: Første bok ut har sine høydepunkter, men er ikke blant forfatterens beste bøker. »
«Etter 20 år med slektskrøniker har Edvard Hoem endeleg kome til seg sjølv.»
«Edvard Hoem si bok om eiga oppvekst er på mange måtar ei vanleg oppvekstskildring. Vi møter ein ung mann det er lett å like og lett å tru på, skriv Ola Hegdal.»
«Hoems beretninger om hans egen politiske oppvåkning er en verdifull tidskapsel. Romanen skildrer også vakkert de dype spor fra ungdomsmøter og relasjoner.»
« Edvard Hoem: «Ung mann vil ut» . I «Ung mann vil ut» vender Edvard Hoem blikket innover – mot seg selv. Etter å ha fortalt sin omfattende og bindsterke familiehistorie, må han selv til pers. «Ung mann vil ut» er aperitiffen. Og den lover godt … svært godt. »
