Unge titanar

Unge titanar

av Nescio,
Vurdering
Anbefalt
Del
2025
nno
ISBN: 9788279593898
Kopiert!

Sammendrag

I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymande kunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom, og vi møter ein uventa Weltschmerz i ein kultur som har vore mest kjent for sine ikoniske målarnamn.Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlege vaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske – dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnar tekstane eit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Anmeldelser

morgenbladet.no
"Nescio skildrer konflikten mellom ungdommens idealer og voksenlivets krav med skarpt vidd og en laber spenning mellom ironi og inderlighet."

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser