Å vera ingenting

Å vera ingenting

2014

Sammendrag

Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra dette vidare til nye generasjonar.

Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 23 år samanhengande vore Hamre sin elev og er i dag sjølv ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa.

Dette er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemannen Knut Hamre og hans elev, Benedicte Maurseth. Boka tek for seg kva det vil seie å føre vidare kunnskap og handverk gjennom generasjonar.

Med føreord av Jon Fosse.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?