Alt inkludert

Alt inkludert

📖 83 %
2015

Sammendrag

Skarpt portrett av Noreg

Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng.

I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg.

Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Anmeldelser

dagsavisen.no
Lesaren vert heile tida driven framover av undringa på kva som kan ha skjedd, kva som gjorde at mor og dotter brått flytta, utan anna enn to koffertar. Eikemo viser fram eit forbrukarsamfunn kor nesten alle har meir enn dei treng, og kor folk brukar ting til å vise fram kven dei er.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?