Det går sikkert bra

Det går sikkert bra

folk eg har møtt, og ting eg har lært

Formater:InnbundetE-bokLydbok
2026InnbundetNorsk (nynorsk)Veil. pris 399,-ISBN 9788234017162Kopiert!

Sammendrag

Artige folk og nyttige lærdomar

Arne Hjeltnes har alltid vore på farten. I oppveksten på Voss rasa han rundt på sykkel og ski. I 90-åra vart Hjeltnes landskjend for reiseprogrammet Gutta på tur på TV 2.

Han har skapt seg eit namn i næringslivet og er kjend som ein entusiastisk formidlar av norsk matkultur, lokal tradisjon og historie.

I denne boka fortel han levande om alt han har plukka opp og lagt i sekken undervegs. Kor mykje risiko skal ein ta? Kva er ein god sjef? Er det lurt å vera litt naiv av og til? Og kan ein gjera handelsavtalar på vegner av Noreg på tur i India?

Her får du vita kva han har lært av folk på si ferd, enten det er på reise i Mikronesia med Arne Næss, på Finnmarksvidda med Molleš Piera, i Asia med Ingrid Espelid Hovig eller i privatflyet til Kjell Inge Røkke med gamle skiheltar.
Og sjølvsagt har han plukka opp eit og anna frå mor si.

Det går sikkert bra byr på mange gode råd for å takla det som måtte koma!