Badesommar

Badesommar

av Ruth Lillegraven,
📖 83 %
2023

Sammendrag

BADESOMMAR

Ei vakker forteljing i diktform om å leve, og om å tore å kaste seg utpå.

Eg-personen i Badesommar er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Så blir det fødd ein liten bror, som skal lære seg alt, og mormor fortel noko hemmeleg frå då ho var ung. Saman byrjar dei tre å vente på sommaren.

Badesommar er dikt for både barn og vaksne. Dei fortel om å vere ung og gamal, om å vere redd og å tore - og om å symje i alt slags vatn.

Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.

eg tikkar og tikkar

er på nedteljing

seier mormor

du tikkar òg

men oppover

heldige du som

tikkar mot alt som

skal og kan skje

noko lyst og noko mørkt

livet sjølv

[...]

Anmeldelser

barnebokkritikk.no
Vakre, litterære og lettleste dikt om å våge å kaste seg utpå – både i konkret og overført betydning. Vannskrekk og kontrasten som mormoren gir barnet gir de et felles prosjekt og selv om hun tror det vil være hennes siste sommer, trer hun med livskraft og iver inn i rollen som svømmelærer.
nrk.no
Lurer du på kvifor barn skal lese dikt, kan du få svar av denne fine boka.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?