Barnebibelen

Barnebibelen

av Alf Kjetil Walgermo,
📖 77 %
2022

Sammendrag

Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner.

Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane spennande!

I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du ikkje berre høyre om Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, men også om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese. Ho vil i tillegg vere eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis.

«Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar.»

- Sofie Braut, Vårt Land

Anmeldelser

vl.no
Forfatteren legger opp til en lesestund styrt av barnet, og illustrasjonene forsøker ikke å knytte an til vår tid, de minner mest av alt om en blanding av tegneserier og store bedehusbilder.
vl.no
Barnebibelen til Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske byr på eit sprudlande, men tidvis litt slitsamt bibelunivers. Det romslege og fargesterke omslaget med svært ukonvensjonell Jesus skrur opp forventningane. Det er eit hav av glade og uventa strekar som gjer det som om Barbafamilien og Richard Scarry har hamna i eksistensiell tvikamp.
vl.no
Tidslinja, Verbum sin barnebibel frå 2016, har eit gjennomarbeidd uttrykk og ei utbrettbar tidslinje. Svært tilgjengeleg tekstane, illustrasjonar med eigenart og ei kjensle av overblikk og heilskap gir eit preg av samanheng.
vl.no
Min barnebibel er liten og enkel, med lyse fargar og naive teikningar. Det fungerer godt fleire stader, ikkje minst i opninga, der ulike dyr og plantar i harmoni gir ein god inngang til skapelsen av alt liv. Slik er det òg med Min barnebibel av Sally Ann Wright og Honor Ayres.
vl.no
Tegneseriebibelen er en sjarmerande bok, med overraskende teikninger som gir Bibelens historier et nytt lys. Bokas simple og barnelege stil legger band på fortellinga av og til, men de få sterkeste side kommer når Teknseserierbibelen tar for seg NT.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?