Bjørkebokstavar

Bjørkebokstavar

av Hilde Myklebust,
Formater:E-bokInnbundet
2015E-bokNorsk (nynorsk)Veil. pris 249,-ISBN 9788252188530Kopiert!

Sammendrag

Sjarmerande diktsamling full av glede og undring

Eg heng

etter ei hand

frå ei grein

Kjenner vinden

bølgje i trekrona

Eg er ein kongle

eller ein knopp

Mor ropar frå trappa:

No kjem du deg ned!

Men ho veit då vel

like godt som meg

at dette er ei hengebjørk

Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider.

Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng.