Dagbøker fra Labråten

Dagbøker fra Labråten

av Arne Garborg,
2001

Sammendrag

Då Arne Garborg fylte 54 år, 25.1.1905, tok han til å skrive dagbok. Han skreiv jamnleg heilt fram til han la ned pennen nyttårsaftan 1923. Etter at mannen døydde i 1924, begynte Hulda Garborg arbeidet med å utgi dagbøkene i ei utgåve i seks band, basert på manuskripta hans.Tor Obrestad har redigert eittbandsutgåva som her føreligg. Det er eit unikt tidsdokument og eit rikt og gripande innblikk i personlegdomen til forfattaren. I forordet skriv Tor Obrestad om han: "Han, som heilt frå barneåra av hadde tatt sikte på ei sak, å verta eit profesjonelt skrivande menneske, og eit av dei første i landet som var det, og som levde av pennen sin, og som hadde samanvevt denne rolla med den politiske . det å vera kulturbyggar, ein språkleg føregangsmann og ein nasjonal organisator, han mista etterkvart tilliten til den politiske verknaden av det han gjorde. (.) I første omgang skreiv han for skrivebordskuffa (.) men han hadde sjølvsagt ein baktanke om at det han forsøkte å seie noko om kunne ha interesse. Ikkje minst er Dagboka hans siste forsøk på å redigera livet sitt med tanke på at det skulle nå det offentlege".

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?