Dei seie so

Dei seie so

av Jens Brekke,
2010

Sammendrag

Dei seie so... om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nordfjordingane midt imellom? Ja, ifølgje Eilert Sundt som kring 1850 reiste rundt i landet og registrerte skikkar og uskikkar. Indresogningane var utan tvil dei som drog på seg det lengste kapitlet i bøkene hans. Ja, også ifølgje Amund Helland som i 1901 skreiv om kortog langskallar. No har også sogningen Jens Brekke slege sitt humoristiske blikk på folket i Sogn og Fjordane. Han meiner den største skilnaden på folk i fylket er mellom indresogningen og sunnfjordingen. Dette ser ein til dømes ved kjøp av pølser: Sunnfjordingen: Æ-æ-æ har de pølse? Nordfjordingen: Kan eg få ei pølse? Sogningen? Pylsa! I denne boka går vi folket i "fjognaland" nærare etter i saumane. Jens Brekke (f. 1951) frå Vik i Sogn er kulturarbeidar, og har skrive eller medverkatil mange bøker, m.a. bokserien "Illustrert tyleskap" med humor frå Sogn. Arnstein Mygland (f. 1951) frå Førde i Sunnfjord er lærar og kunstnar, og har levert illustrasjonar til ei rekkje bøker og aviser.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?