Der har vi deg, ja

Der har vi deg, ja

2010

Sammendrag

Lovande nynorskdebutant

I Der har vi deg, ja møter vi ei rekkje karakterar midt i den turbulensen som kallast livet. Ein mann ventar på taxien sin og må til slutt gå han i møte. Ei eldre kvinne spaserer langs bilvegen og vil komme seg heim. I novella «3. person» ligg ein fjerde person og lurar i kulissane, det meiner i alle fall hovudpersonen, som begynner å spionere på kona si for å finne ut om det er hald i mistanken. Vi møter menneske som prøver å gå kvarandre i møte, men som går for langt. Nokon er overarbeidde, andre løfter ikkje ein finger. Det handlar om omvegar og snarvegar, om blindvegar og utvegar. Om menneske som møter seg sjølv i døra, eller vel å hoppe ut vindauget i staden. Om forfatteren:Runar Dahle (f. 1981) har vakse opp i Austrheim. Han har ein mastergrad i engelsk og jobbar nå som frilansar. For tida er han busett i Edinburgh.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?