Det er ein krig der ute

Det er ein krig der ute

2014

Sammendrag

Ei ung kvinne møter ein amerikanar som livnærer seg som musiker i heimbygda hennar. Dei to forelskar seg i kvarandre. Brått står han innfor eit uventa val: Å gjera militærteneste for USA, eller bli verande i Norge. Han er drafted, innkalla til militærtenste; men USArmy fritek gifte menn for pliktteneste. For å berga kjærleiken, vil dei gifta seg. Men presidenten i USA, endrar brått lova og kallar alle amerikanske menn mellom 18 og 25 år til teneste for USA sitt «engasjement» i Vietnam, hausten 1965. Blir den unge amerikanaren verande i Norge er han utvist frå USA for all framtid. Han må dra og melda seg til teneste. Ho blir med. Men overtydd om at USA si opptrapping i Vietnam er feil, vil han nekta å bera våpen.

..

Denne dramatiske historia om ein ung amerikanar sin kamp for eigen integritet og overtyding midt i mot militærmakta i USA, er fortalt gjennom den unge kvinna si erfaring under opptrapping av krigen i Vietnam. Like innmed mannen sin hardnakka motstand på innsida av USA si militære stormakt, lever ho på skrinne vilkår i ei hytte som soldathustru på det største fortet i Nord- Amerika som trente fotsoldatar til USA sin jungelkrig i Søraust-Asia.

Dette er en roman som handler om krig, fridom og kjærleik, og ein sterk fortelling om to unge menneske i kamp for eigeverd og retten til å leva i lag.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?