Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet

Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet

av Rolf Losnegård,
2015

Sammendrag

Oppfinnaren Snutt er mest interessert i å finne opp geniale ting og merkelege duppedingsar. Når ungdommane i Olsen by bryt seg inn i oppfinnarfabrikken for å få han til å gi dei sol og varme heile året, ser han sjansen til å lage ei genial oppfinning som gjer det umoglege mogleg.

Isbjørnungen Burrr lever på Nordpolen og har forferdeleg vasskrekk. Han held seg helst på store, trygge isflak og har dessutan eit skjerf slik at han bli taua i land dersom han skulle falle ut i vatnet.

Den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt. Altfor varmt for isflaka i alle fall.

"Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet" tek opp klimaproblematikken på ein humoristisk og for barn lett tilgjengeleg måte. Fredrik Rysjedals fantasifulle illustrasjonar følgjer lesaren gjennom boka og gir denne drivande historia eit fargerikt preg.

Boka eignar seg til høgtlesing for barn frå 6 år, og til sjølvlesing frå ca. 8 år.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?