Det som tel

Det som tel

av Jenny Ødven Snildal,
Terningkast 4
Gjennomsnittlig vurdering
Terningkast 4(1 anmeldelse)
Del
2024
nno
ISBN: 9788293636502
Kopiert!

Sammendrag

Sivert har ikkje ein einaste ven. Han lespar og er blant dei minste i sjuande klasse. Og så har han ei syster med Downs syndrom.

Ein dag byrjar det ein ny gut på skulen. Han heiter Petter og blir besteven med Sivert. Men han finn også på ting som ikkje er heilt lovlege, og som set Sivert sitt liv i fare.

Kva gøymer seg bak den tøffe maska til Petter? 
Korleis skal Sivert kome seg ut av alt det skumle han viklar seg inn i?
Og kva med pappa? Kvifor oppfører han seg så rart?

Jenny Ødven Snildal er opp­vaksen på Sandane, men bur no i Naustdal i Sunnfjord kommune. Ho har jobba i mange år innan Den norske kyrkja, med stillingar både innan administrasjon og ar­beid for barn og unge.
Tidlegare har ho gitt ut barnebøkene Bakanfor og Serafel. For den siste fekk ho Emmausprisen.

Anmeldelser

bokblogger.com
Terningkast 4
"Sivert har ingen vener og slit med å finna sin plass i klasserommet. Han vegrer seg for å gjere dei tinga Petter gjer, men vil ikkje miste vennskapet."

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser