Dikt i utval

Dikt i utval

av Jan-Magnus Bruheim,
2014

Sammendrag

Jan-Magnus Bruheim (1914 - 1988) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte i 1941 med diktsamlinga "Stengd dør". Han gav ut 45 bøker, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Dette utvalet inneheld dikt frå alle lyrikksamlingane, i tillegg til eit utval av barnedikta. Boka har også fleire artiklar og mange flotte bilete.

BREVET

Eg sit i kveld og skriv til deg

og kjenner orda spire.

Men enno står det berre eitt

og lyser på papiret.

Eit "

"kjære"

" berre, står det her.

Eg må vel finne fleire?

Men vide flakkar tankane,

som fuglar kringom reiret.

Det er så mangt eg skulle sagt -

Fortenkt eg sit ved bordet

og tenkjer: kanskje er det nok

med dette eine ordet.

Eg ynskjer deg - kvarhelst du bur

langt burte eller nære,

at du kan kjenne varmen frå

det vesle ordet: Kjære

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?