Ei beine att
Sammendrag
Eg då, seier Vaskehjelpa til den siste nattevakta, når den næraste pårørande er reist. Ho vågar seg til å spørja: Er eg daud? Ja, seier nattevakta. No er du det. Kom no bare, seier han. Det er stutt og lett veg ned til båten. Ferjemannen og hunden hans ventar. Det kostar ikkje fem flate øre. Nei, du treng ikkje kle på deg meir. Me må fly, veit du. Me må fly, me må fly, me må fly. Til hist og pist ved flodene. Me tar straks beine vegen dit! Beine vegen. Ei beine att, tenker Vaskehjelpa med den første klare tanken på sju-åtte år.
Romanen Ei beine att er tredje, og siste?, boka om Vaskehjelpa frå øya i havgapet. Vil du veta koss det heile byrja? Sjekk ut La stå!! (2011) og Reint sportslig (2012). Forfattar Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge.