Elle melle
Sammendrag
Elle Melle 1-4
Elle Melle er eit norskverk for 1 4 trinn. Læreverket kjenneteiknast ved flotte illustrasjonar, grundig gjennomgong av lydane i alfabetet, nivådelte tekstar, og ikkje minst innhaldsrike og gode lærarrettleiingar. Verket følgjer eit gjennomført pedagogisk system som baserar seg på Anne-Lise Gjerdrums lange erfaring som lærebokforfattar. Anne Lise Aasgaard Solli er medforfattar fra og med 3. trinn.
Elle Melle ABC 2
Elle Melle ABC 2 inneheld tekstar til bokstavane i alfabetet. Kvar bokstav har sin eigen song og sin eigen illustrasjon. Mellom og etter bokstavoppslaga finn du også lesetekstar som høver godt for tilrettelagd lesing. Lesetekstane er delte inn i tre nivå gult, raudt og blått med tanke på vanskegraden. Boka er gjennomillustrert med fargerike teikningar og fotografi.
Elle Melle for 2. trinn omfattar:
- ABC 2
- Bilet- og songkalender (storformat)
- Lese- og skrivestart 2A
- Lese- og skrivestart 2B
- CD 2
- Lærarrettleiing
- Perm med kopioriginalar
- Nettstad
Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden Lesedilla, der du finn mange differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon.