Ete fysst
Sammendrag
18 forfattarar og skribentar fekk stikkordet «Sunnfjord» og vart utfordra til å skrive ein personleg tekst.
Resultatet vart ei fargerik samling forteljingar om alt frå det heilt nære og personlege til sprelsk galskap, humor - og ein liten dose grøss og gru. Her finn du historier om kjærleik og sakn, famlande første kyss og svik. Om røter og oppvekst, om å reise og å komme heim.
Og sjølvsagt må ein ete fysst.
Bidragsytarane kjem frå Sunnfjord, har flytta til Sunnfjord eller kjenner seg på ulikt vis knytte til distriktet. Nokre av røystene er nye, andre er prislønte og har skrive bøker nok til å fylle ei bokhylle på eiga hand.
Bli med på ei mangfaldig, underhaldande og litt nostalgisk reise i Sunnfjord!
Bidragsytarar:
Gunnar Garfors, Heidi Hattestein, Terje Hellesen, Agnete Haaland, Marita Liabø, Idun Losnegård, Eldrid Lunden, Vidar Nupen, Hans Sande, Katrine Sele, Gunnar Staalesen, Rune Timberlid, Jorunn Torsheim, Fridtjov Urdal, Maria Tryti Vennerød, Sissel Værøyvik, Ole Johannes Øvretveit, og Ronny Brede Aase.