Fante-Nils og forteljingane Treskilling, Hjelpelaus

Fante-Nils og forteljingane Treskilling, Hjelpelaus

av Per Sivle,
2006

Sammendrag

"Då kasta eg meg ned, gret og tuta og tuta og gret. Dei trudde eg var galen, dei som stod rundt. Dei såg ikkje korleis det var barnet i meg som låg sundbrote og hiksta utanfor si eiga stengde dør." Desse linene er henta frå "Fante-Nils", ei forteljing om venskap, om hovmod, anger og dårleg samvit. I forteljingane "Treskilling" og "Hjelpelaus" skildrar Sivle kjærleik og mistru, havesykje og omsut, hjelpeløyse og samhald på ein måte som får kvar streng i sjela til å dirre. Felles for alle forteljingane er at dei handlar om dei store kjenslene og tankane eit barnesinn kan romme, og stemningane går rett i margen på oss. Tekstane til Sivle er ein litterær kulturarv born som veks opp i dag også bør få del i. Dei tre forteljingane vart første gong trykte i "Sogor" i 1887, og kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskrivne av Jens Brekke. Illustrasjonane til Anette Eriksson Linander er nylaga til boka. Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand. Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lenger inn i den norske sjela enn han har gjort med "Den fyrste song". Han skreiv dikt, noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo. Store delar av livet kjempa han mot fattigdom, svolt og ei skral helse. Jens Brekke (f.1951), frå Vik i Sogn. Lærar og kulturarbeidar. Leiar for Sivle-laget. Anette Eriksson Linander (f.1954), svensk illustratør og kunsthandverkar. Har budd på Vestlandet i fleire bolkar, og hatt utstillingar i Stockholm og Vik i Sogn.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?