Fuglane
Sammendrag
TARJEI VESAASFuglaneTarjei Vesaas var fødd i Vinje i 1897 og døydde i 1970. Han debuterte i 1923 med romanen "Menneskebonn". Då Nordisk Råds litteraturpris skulle delast ut for første gong i 1964, var det nærast sjølvsagt at den vart tildelt Vesaas. Tarjei Vesaas kom etter kvart til å få ein makelaus posisjon i nordisk dikting, og vann tidleg internasjonalt ry. "Fuglane" er meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan person i diktinga hans er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust, og det er heller ingen av sine oppdikta personar Vesaas skjønar betre. Hjelpelaus i kvardagsliv og i arbeidsliv er Mattis, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndommar for han. Han kan tyde fuglespråk. Han kan lese dei breva rugda skriv til han med nebb og føter. Han kan formulere dei djupaste livsspørsmål: "Kvifor er det slik det er?" spør han. Ingen kan gje svar, men diktaren fortel på ein slik måte at også vi, lesarane, må ta Mattis inn i vår omsorg, samstundes som vi forstår søstera Hege og alle dei andre som vil hjelpe Mattis, men ikkje kan nå heil inn til han.