Høgt under taket
Sammendrag
Dette er forteljinga om lærarutdanninga i Bergen, frå Statens lærerskoleklasser i 1953, via Bergen lærerskole og Bergen lærerhøgskole til Høgskolen i Bergen (1994-2016). Sentrale fagfolk skriv om fag og fagutvikling, og også litt om livet i seksjonane. Dei skriv ut frå eigne erfaringar og slik dei hugsar det. Nokre er personlege i stil og forteljing. Dei har ikkje fått band på seg. Dette skal ikkje vera ei akademisk avhandling, heller ei popularisert framstilling for tidlegare studentar, tilsette og andre med interesse for «gullalderen» i lærarutdanninga i Bergen.
I tillegg til tilsette er det også innlegg frå tidlegare studentar og to av nestorane i norsk lærarutdanning, Åsulv Frøysnes og Sigmund Sunnanå. Saman med bidraga frå fagfolka gjev desse innlegga eit mangslunge bilete av lærarutdanninga i Bergen .1953-2016, der det var Høgt under taket.