Hopp i havet

Hopp i havet

om livet under overflata

2026InnbundetNorsk (nynorsk)Veil. pris 349,-ISBN 9788234017032Kopiert!

Sammendrag

Til havbotnen og opp igjen

Kva er det eigentleg som finst under havoverflata? Kva skapningar lever på havbotnen, og kor djupt kan det eigentleg bli? I Hopp i havet! tek Trude Tjensvold lesaren med på ein tur djupt under overflata, blant fisk, korallrev, blekksprutar og andre skapningar. Her kan ein oppdage alt frå spøkelsesfiskar, gigantiske kvalar og undersjøiske vulkanutbrot til skipsvrak fulle av skattar og gravplassar for romfartøy.

Opplysande tekstpassasjar og rike illustrasjonar gjer Hopp i havet! til ei undring over alt det rare og ukjende i hava våre. På originalt vis inviterer Trude Tjensvold lesaren med på eit djupdykk blant dei mangfaldige livsformene i verdshava. Frå Svalbard til Australia vert vi introduserte for skapningar og ting under havoverflata som ein knapt hadde trudd fanst!