Inn i skrømtskogen

Inn i skrømtskogen

2021

Sammendrag

Inn i skrømtskogen

Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. No har han fått eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det, må Floke legge ut på ei lang reise. Den kronglete ferda gjennom skrømtskogen og over trollfjella fører han til sjølvaste Jotunheimen, staden kor gudanes svorne fiendar, jotnane, held til. Men kjem han til å klare å redde verda frå den totale undergang, tru?

I Floke 2 fortsetter teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl å leike med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bli med inn i eit smart, humoristisk og svært annleis vikingunivers!

Avslutninga på Flokes eventyr kjem i bok 3, planlagt utgitt i 2022.

Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, samt første bok i serien om Floke.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?