Jærkshire

Jærkshire

2024

Sammendrag

Både tekst og foto i denne boka utstrålar ei begeistring for dei to geografiske områda som er skildra her, Jæren og Yorkshire. Boka er ein hyllest til venleiken i landskapet, til folk som bur der, til kunsten og litteraturen og til velsmakande tradisjonell mat og drikke, samt vakre tre og bygningar so det er godt å vera i. Visst møter ein både vemod og sorg og mange kjensler som kjem med livserfaringar av ulike slag, men djupast sett er desse rikt illustrerte sidene likevel prega av nysgjerrigheit, kreativ leik og ei glede over dei små og store tinga i naturen og kulturen.

Forfattaren har med unntak av periodar med studie i Oslo og arbeid andre stadar, budd heile sitt liv på Jæren. I boka fortel han om oppveksten der og om kvardagslivet og om korleis det er å vera ein høgt prisa poet på Jæren. I tillegg til si eiga livshistorie gjev han innblikk i livet og arbeidet til broren, biletkunstnaren Gunnar Torvund, som gjekk bort i 2019.

Forfattaren gjennomførte den første reisa til Yorkshire 15 år gammal og mange år seinare byrja han reisa dit fleire gonger i året. Ofte drog hans og hans reisefølgje til dei same stadane, der dei treivst ekstra godt, men dei utvida òg stadig området og vart kjent med nye plassar i det som vert kalla The North Yorkshire Moors.

Pubar, bruktbutikkar, lyngheier, tea rooms, katedralar, jernbanestasjonar, restaurantar, ruinar, gravlundar, skoglundar og små steinkyrkjer er alle interessante stadar og får her sin hyllest av ein poet som er tilstade der han er og like merksam på detaljar i nået som på historier bak det han ser omkring seg.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?