Fire store

Fire store

Terningkast 5
Gjennomsnittlig vurdering
Terningkast 5(4 anmeldelser)
Del
2022
nno
ISBN: 9788234007545
Kopiert!

Sammendrag

I denne boka viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kjent for si organisatoriske kraft, men dei mange skjønnlitterære bøkene hennar er nesten ukjente. I tillegg til å ta ansvaret for ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet skreiv ho over 40 bøker, ambisiøse romanar og eksperimentelle drama. Gro Holm skreiv sterke romanar om Odda sin overgang frå bonde- til industrisamfunn 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv. Aslaug Vaa, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapen.

Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Det er tid for nylesing.

Anmeldelser

nrk.no
"Jan Inge Sørbø graver frem gull, men også noe gråstein fra norsk litteraturhistorie."
aftenbladet.no
Terningkast 5
"Den som trur han sit i sentrum, blir lett blind. Jan Inge Sørbø løftar fram fire kvinnelege forfattarar som er blitt offer for svaksynet."
bt.no
Terningkast 5
"Vellykket oppgjør med trangsynt litteraturhistorie. «Fire store» peker på en rekke årsaker til at kvinnelige forfattere blir oversett og glemt."
aftenposten.no
Terningkast 5
"Jan Inge Sørbø har tatt ansvar og skrevet en bok som kaster lys på ulike kvinnelige forfatterskap som ikke snakkes så mye om lenger. Han tar for seg ulike poenger og opplevde tunnelseyn i forholdet mellom Hulda Garborg og Arne Garborg."

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser