Ørneflukt og ormegard

Ørneflukt og ormegard

ein biografi om Olav Aukrust

2009InnbundetNorsk (nynorsk)ISBN 9788252172232Kopiert!

Sammendrag

Usminka og grundig biografi om ein av landets mest særmerkte og gåverike diktarar. Olav Aukrust (1883-1929) var av gammal bondeætt i Lom og budde det meste av sitt korte liv i Gudbrandsdalen. Etter få, men monumentale diktsamlingar vart han nærast genierklært. Han var lenge sterkt inspirert av Rudolf Steiner og antroposofien, og trass i dårleg helse arbeidde den markante og myteomspunne diktaren i mange år som folkehøgskulelærar. Som litteraturprofessor har Jan Inge Sørbø særlege føresetnader for å tolke Aukrusts dikting, og som røynd biograf har han også evna å gå bak fasaden og skildre dramatikken og tragedien bak diktarmyten. Sørbø har fått tilgang til mykje nytt materiale og utan spekulative undertonar får han fram korleis poeten Aukrusts innfløkte familie- og kjærleiksliv har sett spor i diktverka.