Tusen vårar I
Sammendrag
Sigrid Jonsdotter er høgreist og vakker, og ho er einaste barn av lendmann Jon Gauteson i Sunnhordland. Faren vil finne ein storkar til henne, ein som kan fylgje han som lendmann og gjere ætta endå rikare. Men menneskehjartet lyder andre lover. Sigrid vert glad i Rafn, trælesonen og løysingen, ein ættelaus i ættesamfunnet. Då Sigrid vert med barn, vert Rafn jaga som fredlaus, medan Sigrid må dra frå farsgarden og den nyfødde vert lagd i kyrkja for å døy Tusen vårar er ei fengslande og dramatisk soge frå 1000-talet, om eit Noreg i endring. Her kjempar ny orden mot gamal, kristentru mot heidenskap, lendmannsmakt mot kyrkja. Og midt i stridane finn vi menneskelagnadene; lendmannen og dottera hans, løysingen, munkane frå Irland og kong Magnus Olavsson sjølv.