Juleroser 2026
av Herborg Kråkevik
2026InnbundetNorsk (nynorsk)Veil. pris 269,-ISBN 9788234016110Kopiert!
Sammendrag
Nesten 100 sider med vakker kunst og gode lese-opplevingar til jul
I år kjem den 12. utgåva av Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Den kan du gle deg til!
Erlend Loe tar oss med på ein ellevill sydentur i førjulstida, rikt illustrert av Martin M. Hvattum. Kristian Krohg Sørensen har illustrert Gunnar Staalesens juleforteljing om Varg Veum og den bortkomne sonen. Mona B. Riise gjev oss ei hjartevarm forteljing om tantene i Danmark som laga jul til ho i barndommen, og Musti skriv dikt! Janne Stigen Drangsholt skriv om fuglar i litteraturen, og Espen Lind har laga ei ny nordnorsk julesalme: «Sørraførr her»!
Hovudtemaet i årets hefte er fuglar – i fugleneket, på fuglebrettet og som pynt på juletreet, eit symbol på fridom, men også noko av det aller minste og mest sårbare livet i naturen. I religiøse og mytologiske forteljingar symboliserer fuglane ofte sjela og ånda. I ei tid som er tung og krevjande for jorda og menneska, er biletkunsten og litteraturen viktige lyspunkt og trådar inn til håp og fellesskap. Juleroser er fullt av spennande og vakker kunst og gir deg både ein kjærkomen pause og meiningsfullt påfyll i julestria.
Årets Juleroser har elles bidrag frå mellom andre Marit Eikemo, Brit Bildøen, April Alexandersdottir og Lina Undrum Mariussen.