Kairos

Kairos

av Andrzej Tichý,
2018

Sammendrag

Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst!

«Eg skriv til dykk frå ei anna verd.» Med desse orda opnar Andrzej Tichy sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichy utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skiftande forteljarspor undersøkjer han krisa og valden, opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien. I Kairos' vev av stemmer og bilete gnissar både 1900-talet, samtida og framtida mot kvarandre: 30-talsdepresjonen, Peter Weiss' møte med Karin Boye, Bernward Vesper og 68-rørsla, den arabiske våren og ein Jeanne d'Arc-skikkelse som rører seg mellom ulike stader. Kairos er ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande.

Omsett av Gunstein Bakke.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?