Kjære Sogn og Fjordane

Kjære Sogn og Fjordane

av Rolf Losnegård,
2020

Sammendrag

Kva er det med Sogn og Fjordane? Fylket som ikkje lenger finst, men likevel er høgst levande og mange ikkje vil gje slepp på. Gjennom ei reise innom alle kommunane som utgjorde Sogn og Fjordane, prøver Rolf Losnegård og Arnstein Mygland å finne svar på nettopp dette. Forfattaren skriv reisebrev, illustratøren skildrar med pensel og strek. Dei undersøkjer og diskuterer, dei finn kontrastar og motsetningar, dei tek oss med på overraskande sidevegar. Nokre velkjende, andre personlege.

For det er vel akkurat dette det handlar om: Sogn og Fjordane var så mykje meir enn byråkratiske grenser og namn på eit kart. Sogn og Fjordane var bratt og kronglete, for ikkje å seie kranglete. Men det var også identitet, samhald og kjærleik. Kjære Sogn og Fjordane er ei varm helsing til eit fylke som lever vidare, sjølv om innpakkinga er ny.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?