Kjærleikens geometri

Kjærleikens geometri

2014

Sammendrag

Kjærleikens geometri er eit utval frå dei åtte diktsamlingane

Odveig Klyve (f. 1954) har gjeve ut sidan debuten i 1993. Klyve

er og gjendiktar, barnebokforfattar og filmskapar, og debuterte på

Haustutstillinga i 2012 med eit videoverk.

Mange av dikta hennar er omsette til arabisk, engelsk, fransk,

spansk, persisk, kinesisk, gælisk, hindi, punjabi, cannada, marrathi,

oriya, malayalam, rumensk, makedonsk, russisk, italiensk og tysk.

"Klyve si dikting held fast ved håpet. Det vil seia, ho gjer meir enn det. Ho gir oss håp. Ho skriv fram den menneskelege erfaringa som ei lekkje i ein kjede. Me kan finna denne samanhengen ved å følgja eit einaste bilete i hennar dikting, nemleg fingeren som stryk. Gjennom bruken av møtet mellom fingertuppar og verda lar ho oss sjå og møte barnet, elskaren og den gamle. Gong på gong vert fingrane si kjenslevare oppfatning omsett til språk. Og me tek på språket, me bokstaverer verda." Helge Torvund i etterordet

Du ser på meg

held meg fastare i handa

Det var godt at du kom

seier du

Eg har venta på deg

lenge har eg venta på deg kviskrar du

med ditt nye fingerspråk

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?