Klepp historielag årbok 2025
Sammendrag
Årbok 2025 har 14 artiklar med emner i alle retningar. Redaksjonen vonar at alle lesarane våre finn noko av interesse.På «Visit Oslo» kan ein lesa at Vigelandsparken er ein av Norges mest vitja attraksjonar, med meir enn ein million gjester kvart år. Harald Laland bidrog mykje til den flotte parken. Forfattaren av artikkelen har fått god hjelp av konservator Marte Grette på Vigelandmuseet.Fredericia i Danmark vart på 1600-talet ein fristat for mellom andre hugenottar og jødar. Aud-Lise Reve Rosland har dukka ned i historia og funne si tipp-tipp-tipp-tipp-oldemor frå Fredericia. Ho vart etter kvart gift og havna i Mandal som prestefrue.”Et Akropolis på Jæren? - gjennom jernalderen” kalla Arkeologisk museum Tinghaug-platået. Leiv Steinar Hovtun oppsummerar her kva Klepp har å visa fram på området rundt Tinghaug.Ingebret Hodne har fått kikka i gamle dokument hjå Rein Bore. Det har det vorte fire artiklar av. Farfar til Rein, Rasmus Klepp, var ein aktiv bonde. Mellom anna var han med i planane om å gjera Bore til eigen kommune. Her er og ein artikkel om den planlagde jernbanelina over Voll, Bore, Horpestad og Orre til Nærbø.I Klepp hadde me jordmødrer i tre generasjonar. Her får me lesa mest om tredje generasjon, Ester Mossige, som etter kvart vart «bestyrerinne» på fødeheimen på Bryne.«Mere hopp med Polletopp» var slagordet til Georg Pollestad då han på 1960-talet laga eigen topp til Tempo 125 cc motorsykkel. Seinare har «spekulatoren» sveve utan stopp. Det viktigaste som har kome ut av all spekuleringa, er av fleire verdstoppar innan musikklivet vorte karakterisert som munnspelverda sin «Stradivarius».Sokneprest Ejvind Broch, prest i Klepp frå 1912 til 1924, har mange etterkomarar i Klepp. Ein av dei, Nils Sigurd Skretting, har gått grundig inn i livshistoria til presten som var «plikt-trugen med ei sterk rettskjensle. Han tok seg varmt av dei små i samfunnet og hadde godhug for målsak og folkehøgskule».Damene på Jæren stifta i 1925 Midt-Jæren Kvinnelag. Etter kvart vart det eigne lag i Time og Klepp. Her i Klepp vart det tre lag, Orre, Bore og Klepp Bondekvinnelag. Nå har desse aktive damene vorte til Klepp Bygdekvinnelag.Forskingsstasjonen på Særheimgarden har i år halde til der i 60 år. Men institusjonen har ei mykje lengre historie. Alt i 1912 vart Statens forsøksgard Forus etablert. Garden hadde beitemarkene der Gilde nå har slakteri. Her kjem historia om korleis garden på Særheim vart kjøpt av Staten, og litt om aktiviteten på Forus. Historia om drifta på Særheim kjem i neste Årbok.Mange hugsar «sjauen» med jagarflya, som strauk over Nese og Orrevatnet, då dei trena på skyting og bombing på Reve. I artikkelen «Då den kalde krigen og NATO kom til Klepp» får me eit blikk inn i storpolitikken i etterkrigstida.De Frie Evangeliske Forsamlinger, Ebeneser, i Verdalen, er ei av mange forsamlingar som står på utsida av statskyrkja. Her får me vera med inn i eit samfunn mange har liten kunnskap om.