Nord og ned

Nord og ned

2003
nno
ISBN: 9788203186929
Kopiert!

Sammendrag

"Vestlandskrim" er ein sjanger som er eigen for denne velskrivande forfattaren. Nord og ned er den femte boka der vi møter dei same politifolka. Fotografen Falckøy og dei to sønene hans er vekke. Folk finn vrakgods etter sjekta til faren, den eine sonen er forsvunnen i lause lufta, og den andre er ikkje å finne om bord på Hurtigruta, der han har lugar. Desse fotografane driv med litt av kvart, og det er ikkje mange som saknar dei - det er mistenkeleg mange som er glade til, syner det seg. Så det blir nok å gjere for lensmannsbetjent Petter Eliassen og kriminal-teamet med Andersen og Brenna. I grunn og botn ligg her eit verkande samfunnsproblem som gjer at denne fortellinga er meir alvorleg og uhyggeleg enn Hauge-lesarane er vande med. Men Hauge er ein forfattar som maktar å foreine det alvorlege med det pussige, så det gjer inntrykk som sit att i lang tid.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser