Landslova av 1274

Landslova av 1274

av Jørn Øyrehagen Sunde,
2023

Sammendrag

Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 er eit storverk i norsk og europeisk rettshistorie. Ho var den fyrste riksdekkjande lovboka i Noreg, og éi av fire riksdekkjande lovverk i europeisk mellomalder.

Landslova var vidare ein del av eit omfattande lovgjevingsprosjekt som òg inkluderte Bylova av 1276, Hirdskrå frå 1270-talet og den islandske lovboka Jónsbók av 1281. Enno viktigare er at ho vart nytta, noko ein kan sjå av bevart rettspraksis frå både mellomalderen og 1500- og 1600-talet. Nesten ein firedel av alle bevarte manuskript på norrønt fram til 1350 inneheld Landslova.

I denne boka vert difor Landslova, saman med Bylova og Sauebrevet for Færøyane, utforska. Mange av våre fremste mellomalderforskarar har valt seg ein regel som dei brukar som utgangspunkt for å utforska rett, politikk og samfunn. Samla vert det i boka teikna eit breitt og fargerikt bilete av norsk mellomalder.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?