Lauvhytter i skogen

Lauvhytter i skogen

av Jon Fosse,
2024

Sammendrag

Jon Fosse og Olav H. Hauge kjem begge frå Hardanger. Dei kjem frå kvar si bygd, Strandebarm og Ulvik, frå kvar sin gard ved fjorden, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket. Hauge, som er fødd vel femti år før Fosse, synte den unge Fosse at det gjekk an å koma frå ei lita bygd i Hardanger og likevel halda på med dikting. Dei to diktarane møtte kvarandre fleire gonger, mellom anna gjorde Bergens Tidende eit intervju med dei begge heime hos Hauge. Då Fosse fekk nobelprisen i 2023, var Hauge er ein av dei få diktarane Fosse nemnde i nobelforedraget han heldt i Stockholm.

Dette er ei bok med dikt av både Hauge og Fosse, men også tekstar og bilete som syner forholdet mellom dei to. Boka er rikt illustrert, mellom anna med bilete frå Ulvik og Strandebarm, tekne av Signe Fuglesteg Luksengard.

«Hardanger utan Hauge er ikkje det same Hardanger. Alle store kunstnarar forandrar landskapet. Det gjorde Hauge», har Jon Fosse sagt.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?