Levd liv

Levd liv

av Anna Jorunn Avdem,
2009

Sammendrag

LEVD LIV fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Korleis levde vi? Kva levde vi av? LEVD LIV skildrar fortida så levande at vi blir dregne inn i soga. Vi luktar røyken i dei gamle stovene. Vi kjenner slitet til bonden som arbeidde i dei bratte fjellsidene. Vi lever oss inn i budeia si tru på huldra, og vi høyrer husmusikken til dei kondisjonerte. Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregshistorie, sett med sogningane sine auge. Forfattarane og fotografen har gjennom ord og bilete pusta liv i dei gamle husa på De Heibergske Samlinger, folkemuseet som i 2009 feira 100-årsjubileum. Historia til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er skildra bak i boka. Her ser vi den store innsatsen til eldsjelene som har teke vare på fortida vår, slik at vi kan ta ho med oss inn i framtida. Levd liv er vår eiga historie, levande fortald!

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?