Livstid

Livstid

2003

Sammendrag

I 1943 kjem ein forkomen russisk krigsfange til Åsagarden i Hardanger. Han har vore på flukt frå tyskarane i over eitt år. No må folka i Åsane ta seg av han, gøyma han for nazistane og få han frisk. I Åsagarden er sønene Iver, Magnus og Nils med i motstandsrørsla. Dei opprettheld livsfarleg radiokontakt med London og blir involverte i sabotasjegrupper frå England. Den døvstumme kvinna Frida Nord og far hennar, som er ettersøkt av nazistane, har også ly i garden. Mellom Iver og Frida oppstår det varme kjensler, og dei nærmar seg kvarandre langsamt samstundes som russaren Aleksej knyter seg sterkt til Frida. Men etter ei tid sviktar nervene hans, redsle og heimlengt jagar han, røynda blir uklar, og han misser kontrollen. Han sjølv blir farleg for dei alle. Livstid er ein svært spennande historie med solid rot i faktiske hendingar.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?