Mjøsa rundt med mor

Mjøsa rundt med mor

2020

Sammendrag

Vinnar av Kritikarprisen 2020.

Nominert til Brageprisen 2020.

Ei annleis klassereise

Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen.

Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden.

Dette er ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?