Norske landskap
Sammendrag
Denne boka handlar om våre landskap. Ho handlar om korleis me er knytte til og stendig kjem attende til desse haugane våre, skogane, fjordane og fjella, gjennom minne, gode historier, stort alvor og undertrykt latter. Boka handlar dessutan eigentleg om språket, utan at det treng merkast så mykje. I tekst og bilete viser velkjende skjønnlitterære forfattarar, profilerte journalistar og andre kulturpersonar særpreget i den nynorske kulturen. Tekstane er så ulike som forfattarane er. Me hadde ikkje hjarte til å gjere det annleis. Somme er skjønnlitterære, andre er på grensa til å vere sakleg skildrande, men dei er alle vakkert tilskorne. Fotografane har lese tekstane, og fått frie hender til å lage bileta som dei tykte. Først og fremst er denne boka til ære for nynorsken sine kjerneområde, der dei grendene, herada, kommunane og fylka finst som dreg lasset for dette fantastiske språket, områda med dei stae folka som er grunnen til at me kan dikte og le og gråte på vårt eige mål her i landet.