Wollert Konow

Wollert Konow

2001
nno
ISBN: 9788276747669
Kopiert!

Sammendrag

Dette er historia om møllaren og godseigaren frå Stend som vart statsminister i 1910, etter sterkt påtrykk frå venen Chr. Michelsen. Men Wollert Konow var ingen ungdom lenger då han vart skuva fram for å leia ei samarbeidsregjering av Høgre og Frisinna Venstre. Det knirka frå fyrste stund i samarbeidet, og den fargerike fanamannen vart tvinga til å gå frå borde på ein rein bagatell: han greidde ikkje å løyna at han var så inderleg glad i landsmålet! I yngre år var Konow ein kraftfull, omstridd og modig stortingsrepresentant som stod diktarhovdingane Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Alexander Kielland svært nær. Sjølv var han ein lyrisk og fengslande folketalar, denne dottersonen til sjølvaste Adam Oehlenschläger. I det heimlege miljøet sitt sette Wollert Konow djupe spor etter seg, og dei er godt synlege den dag i dag. Meir enn nokon andre har han æra for at Fana Sparebank vart skipa, og fleire store veg- og jernbaneanlegg kom i gang etter hans initiativ. Som 23-åring starta han dessutan den fyrste folkehøgskulen på Vestlandet. Han var ein raus og gåvmild person som gav mange ei handsrekking. Bilethoggaren Gustav Vigeland bad i si naud om å få gratis koks gjennom vinteren til å varma opp det store atelieret sitt, og Alexander Kielland var sjeleglad for at Konow ville ta imot den late sonen og gjera han til dreng på gardsbruket på Stend. Olav Garvik (f. 1944) er cand.mag. og har sidan 1969 arbeidd som politisk journalist i Bergens Tidende. Han har skrive fleire bøker om både idrett og politikk, m.a. om då Venstre vart kløyvd i 1972, og ein biografi om den slagferdige høgrepolitikaren Henrik Ameln.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser