Olav H. Hauge og trea
Sammendrag
Årstidene i Hardanger er blitt annleis; ikkje mykje, men merkbart. Over fjorden skin den mektige Folgefonna. Breen har fått eit grått skin. Men kva er naturleg variasjon og kva skuldast klimaendringar?
Klimaforskarar skildrar gradvise økologiske endringar som vi vanskeleg oppfattar, som shifting baselines.
I denne boka tek Fonneland lesaren med inn i eit vakkert landskap, for mange kjent som den biletskjønne nasjonalromantikkens tablå: plommer, bløming og turisme. Me får vere
med på pleie av epletre og høyre om fellesskap knytt til trea. Trea har sett djupe spor i kultur og arbeidsliv, i handverk, mytar og diktekunst. Fonneland skriv om denne kulturen med sine mangfaldige sjikt av meining og levd liv, om personlege minner, sansingar og opplevingar, kombinert med nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker. Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre inngjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid.
Dei to forfattarane skildrar korleis det å ha eit nært forhold til og omtanke for naturen er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ser naturen, og er sjølv del av den; økosystemet me inngår i, er truga. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.