Olav Nygard

Olav Nygard

av Ronny Spaans,
2024

Sammendrag

I år er det hundreårsmarkering for diktaren Olav Nygard frå frå Modalen. Han er anerkjent som ein av landets store lyrikarar. Claes Gill og Asbjørn Aarnes hevda han er i verdsklasse. Forfattar Ronny Spaans har skrive eit unikt manus med fleire nye funn om forfattarskapen. Nygard var ein stor ordkunstnar som skapte nye ord i freistnaden på å fange dei unike himmelsynene han hadde på terskelen til vebandet, ved grensa til det heilage.«Han er lyrikar – av Guds naade. Og maalskapar. Han er skald», skreiv Johannes Lavik. «Eg kjenner det som sume av Olavs dikt er det største eg hev lese av poesi», skreiv Hulda Garborg. Desse orda røper kvaliteten i poesien hjå Olav Nygard (1884–1924). Dei er samtidig to av mange nyfunn i denne boka, der Olav Nygards dikting og livssoge for fyrste gong blir skildra i nær samanheng. Ronny Spaans, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, fortel om livet til denne diktaren, som levde i spennet mellom himmelsyn og avgrunn ̶ på terskelen til vebande, ved grensa til det heilage. Det gjer han gjennom dagboknotat, brev og bokmeldingar som tidlegare ikkje har vore kjende, og som kastar nytt ljos over dikta til Olav Nygard. I dag blir Olav Nygard rekna som ein av dei mest originale poetane våre. Han har inspirert samtidige lyrikarar som Erlend Nødtvedt og Erlend Skjetne.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?