Om livet på jorda

Om livet på jorda

📖 83 %
2021

Sammendrag

"Eg visste ikkje då at det var ei hulder eg såg, det skulle gå opp for meg langt seinare. Men kjensla av at det ikkje var ei vanleg kvinne, hadde eg i meg frå det fyrste. Og ho må ha hatt denne kjennskapen til livet, som er vanleg hjå mange menneske, det at ein kan vise interesse opp til ei viss grense, men stig ein over, så har ein gått for langt. Visse vegar kan ein ikkje snu på, vegar utan retur."

Eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar. "Om livet på jorda" er forteljinga om kunstnaren og bondesonen Tormod som ung mann, der visse syn - som det fyrste møtet med huldra i skogen - får ein sterk innverknad på tilhøvet hans til omgjevnadene, til kvinner, skule og læring, til det å tenkje. I tenåra er Tormod kritisk til menneska og til livet på jorda, til industrien og masseproduksjonen og eit liv i den elektriske tidsalderen. Han skal vise at han er ein mann som kan arbeide. Tormod får tidleg ei kjensle av at han lever under ei von om kven han skal vere. Temperamentet hans er som ei skiftande kraft, ei ulmande glo som brått kan ta fyr og slå ut i rasande eld.

Tormod Haugland har hausta strålande kritikkar for dei siste romanane sine. Med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane har Haugland skapt seg ei djupt original form for sjølvbiografisk dikting. "Om livet på jorda" handlar om ungdomstid, kjærleik, seksualitet og skulegang. Men det er også ein roman om framandskap i ulike former, og om tilhøvet mellom levande og død.

Anmeldelser

nrk.no
Når er det for sent å snu? Og fins det grenser der man aldri kan gå tilbake? Tormod Haugland beskriver dragningen mot kunsten – og kjærligheten – i den sanselige romanen «Om livet på jorda».
aftenbladet.no
Bakgrunn og røynsler sameinest med utdanning til vaksen persondanning i denne varme, kjenslevare og jordnære romanen.
Terningkast 5

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?