Øystein Laupsa - Bilethoggar
Sammendrag
Historia om Øystein Laupsa frå Øystese er forteljinga om bygdaguten med kunstnarsinn. Han vaks opp på eit lite bruk i ei lita bygd ved fjorden og lengta ut for å lære meir . og han kom seg bort frå heimbygda nokre år. Men dårleg økonomi i ei av dei vanskelegaste åra i nyare norsk historie tvinga han attende til Hardanger. Her slo han rot og her vart han verande all sin dag. Øystein Laupsa, som ved utgjevinga av denne boka går i sitt 92. år, er ein kunstnar som har gjennomgått ei utvikling mot stadig større fridom. Mot endå meir klårleik. Det han har laga dei siste åra er fylt av harmoni og ljos. Han er ikkje oppteken av tidas skiftande trendar innan biletkunsten. For han er det viktigaste å vera tru mot seg sjølv som menneske og kunstnar.